
Ei kulturell storhending gjekk nok alt for mange hus forbi i september 2006. Proletaren ser plikta si til folkeopplysning og frå no har ingen noko orsaking til å ikkje ha fått med seg denne milepålen i moderne norsk teikneseriekunst.
Vi snakkar sjølvsagt om seriealbum nr. 6 - Futen 1. Manusforfattar Øystein Runde og kunstnar Knut Solberg har skapt ei fantastisk verd bygd på gamle norske folkeeventyr, oppdatert til moderne tid. Hovudpersonen er, som den observante lyttar har fått med seg, Futen. Nærare bestemt Fut nummer seksten ved Christiania Futekontor. Ein annan sentral person er Futen sin sambuar, Huldra. Elles treff vi ein skattesnytande Dovregubbe som får sitt (eller, staten får sitt, Dovregubben får smerte!), Pesta og Draugen som får reiskapen sin forskriftsregulert med fast hand.
Futen er ein rett på sak type som ordnar opp i saker for staten til det beste for småfolka. Det er dei store som freistar å lure seg unna som får gjennomgå. Futen treff på mange forsøk på bortforklaringar. "Kvifor må vi betale skatt for tre hovud når vi berre har ein kropp?" - "Eg treng vel ikkje betale eigendomsskatt for brua mi når det kjem geiter og trampar på den heile tida?". Futen let ikkje nokon sleppe unna. Men han vert kalla inn på teppet til nummer to, etter å ha kravd inn tiande for hundreogsekstan år frå Dovregubben (med alle middel får ein seia).
Makta i hovudstadens futekontor held seg på sida til dei store, så vår helt må ut og krevje inn i gamlebyen. Her er det ikkje mykje å hente, men vi treff skapningar frå myter og eventyr frå heile verda og den gode moralen i soga held fram. Dei små må forsvarast og få sin sjanse her i livet. Det er diverre berre tre soger i dette heftet, men vonleg kjem det meir! Den siste soga finn stad på dei store hav og der får vi sjå at sjølv Futen kan trenge til hjelp frå tid til anna.
Det er mykje god humor i både teikningar og tekst. At vår helt Futen er ein rotnorsk, blond kraftkar i tradisjonelle klede og med godt (ny)norsk talemål toppar det heile og gjer sitt til at heftet og universet til kunstnarane ligg heilt i toppen av moderne teikneseriekunst.
Den relativt ferske publikasjonen "m" har "Futen" med i bladet frå tid til anna og det varslar godt for at det kjem meir av denne utmerka kvaliteten. Dei som ikkje har lest heftet enno får hiva seg rundt. Det er gode historier med god moral og flotte teikningar. Dersom ein ikkje finn det til sals kan ein låna det her.
Vi snakkar sjølvsagt om seriealbum nr. 6 - Futen 1. Manusforfattar Øystein Runde og kunstnar Knut Solberg har skapt ei fantastisk verd bygd på gamle norske folkeeventyr, oppdatert til moderne tid. Hovudpersonen er, som den observante lyttar har fått med seg, Futen. Nærare bestemt Fut nummer seksten ved Christiania Futekontor. Ein annan sentral person er Futen sin sambuar, Huldra. Elles treff vi ein skattesnytande Dovregubbe som får sitt (eller, staten får sitt, Dovregubben får smerte!), Pesta og Draugen som får reiskapen sin forskriftsregulert med fast hand.
Futen er ein rett på sak type som ordnar opp i saker for staten til det beste for småfolka. Det er dei store som freistar å lure seg unna som får gjennomgå. Futen treff på mange forsøk på bortforklaringar. "Kvifor må vi betale skatt for tre hovud når vi berre har ein kropp?" - "Eg treng vel ikkje betale eigendomsskatt for brua mi når det kjem geiter og trampar på den heile tida?". Futen let ikkje nokon sleppe unna. Men han vert kalla inn på teppet til nummer to, etter å ha kravd inn tiande for hundreogsekstan år frå Dovregubben (med alle middel får ein seia).
Makta i hovudstadens futekontor held seg på sida til dei store, så vår helt må ut og krevje inn i gamlebyen. Her er det ikkje mykje å hente, men vi treff skapningar frå myter og eventyr frå heile verda og den gode moralen i soga held fram. Dei små må forsvarast og få sin sjanse her i livet. Det er diverre berre tre soger i dette heftet, men vonleg kjem det meir! Den siste soga finn stad på dei store hav og der får vi sjå at sjølv Futen kan trenge til hjelp frå tid til anna.Det er mykje god humor i både teikningar og tekst. At vår helt Futen er ein rotnorsk, blond kraftkar i tradisjonelle klede og med godt (ny)norsk talemål toppar det heile og gjer sitt til at heftet og universet til kunstnarane ligg heilt i toppen av moderne teikneseriekunst.
Den relativt ferske publikasjonen "m" har "Futen" med i bladet frå tid til anna og det varslar godt for at det kjem meir av denne utmerka kvaliteten. Dei som ikkje har lest heftet enno får hiva seg rundt. Det er gode historier med god moral og flotte teikningar. Dersom ein ikkje finn det til sals kan ein låna det her.
2 kommentarer:
Eller bestill albumet på www.rundefamily.com
Ja, eller som mannen skriv, tinge det her. Det er absolutt fint å ha det til rådigheit for lesing frå tid til anna, anten på buss, tog eller fly. Eller kanksje berre på sofaen eller i senga heime. Ikkje på badet. Aldri det. Men nokon kan gjerne tinga bladet så dei flinke kunstnarane skjønar at dei må halde fram og lage ting i den stilen.
Legg inn en kommentar