Nyleg har Det Allmektige Byrådet selt det gamle kommunehuset på Laksevåg.
Sjølvsagt til store protestar frå lokalmiljøet og nokre få vakne politikarar i opposisjonen.
Sjølvsagt freistar byrådskommandanten både å teia i hel og nekta for motstanden.
Alt dette kan ein lesa om i lokalpressa, og den lokale ”klassens avis” har dekka saka ganske bra. Vi må ta for oss byrådet sin maktarroganse og kortsiktige ynskje om profitt og bydelen Laksevåg, som fortener betre tilbod for innbyggjarane.
Byrådet i Bergen er sjølvsagt erkeblått, og tankane går mot kortsiktig vinning og økonomisk profitt på offentlege tilbod. Alle med sunt folkevit skjønar at det renn raskt unna i utforbakke…
Laksevåg bydel er kanskje den vakraste i Bergen, både med tanke på utsikt, naturen elles, avstand til sentrum, moglegheiter for rekreasjon og andre tilbod i nærmiljøet. Ikkje minst er det ein heil masse folk her som bryr seg om kvar andre og nærmiljøet sitt.
Protestane starta sjølvsagt når raseringa av kommunehuset starta for om lag tre år sidan med nedlegginga av biblioteket. Vanlege folk som bryr seg om kvarandre og nærmiljøet sitt protesterar då, fru byrådskommandant. Ein kan ikkje freista å rive unna tilboda til folk utan å vente protestar. Sjølvsagt kan ein freista å teie dei i hel, og med ein søvnig opposisjon som ofte nok tenkjer på si eiga kake og potensielle posisjonar kan ein sleppe unna med slikt lenge.
70 millionar kroner skulle dei ha. So mykje var kommunehuset verd for byrådet og so mykje av verdien til innbyggjarane var ein villjug til å naske ned i den store budsjettkassa for å prale med kortsiktig vinst. 49,5 millionar vart salssummen. Det var framleis nok til å selje ut Laksevågarane sin moglegheit til å nytte kommunehuset sitt i framtida. Kommunehus. Smak på ordet. Det er fint, godt. Kommune er jo fellesskap.
Fellesskap set folket på Laksevåg pris på. Ein treng berre dra innom det årlege tønnebålet til Laksevågs stolte Bueskyttere og livet kring det for å sjå med eigne auge.
Portane er ikkje låste på Laksevåg, folk helsar på kvarandre på butikken og dei ser etter husa til kvarandre i høgtider og elles. Folket fortenar eit hus for fellesskapet. Eit samlingspunkt i ein del av bydelen som er i rivande utvikling. Folket på Laksevåg fortener kommunehuset sitt.
Huset har vore kosta på tilbygg og oppdateringar dei siste åra og byrådet skal leige delar av det etter salet. Det siste er jo ein stor trend i korttenkjande norske bystyre over det ganske land. Selje ut til røvarpris til Byens Store Søner, og så leige for dyre skattekroner frå ei slunken kommunekasse. Slik driv dei blå, kortsiktig og ikkje til det beste for folket.
Folket på Laksevåg fortener ikkje politikarar som ikkje evnar å sjå lenger enn nokre raske kroner. Som ikkje har fantasi nok til å sjå potensialet i eit fellesskapets hus i ein bydel som sårt treng kommunehuset sitt sjølve. Laksevåg er vissnok av dei bydelane med dårlegast levekår i Bergen. Då ser ein berre etter trongsynte statistikkar frå offentlege kontor. Når ein ser dei menneskjelege ressursane og kreativiteten og samhaldet i bydelen er Laksevåg i andre enden av skalaen. Byrådet må snu. Det er kommuneval til hausten. God kamp, kjære Laksevåg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar