Eit dusin flotte musikarar har funne lærdom i ein gammal arbeidarsong og samla kreftene. Resultatet er store bølgjer i samfunns- og musikklivet, utallige fantastiske konsertar og ikkje minst ei plate som tek oss attende til tida før kundekort på mega og med blåkvite varer i hyllene. Plata har som seg hør og bør fått god omtale og ditto terningkast i mange aviser, men nokre har ikkje fått med seg poenget. (mellom anna BA og blabla)
Kamerat Formann Moa har sagt mykje klokt. Vi tek med oss eit sitat frå ein tale på Jenan-konferansen om litteraturen og kunsten (mai 1942).
"I verden i dag er enhver kultur og følgelig også litteraturen og kunsten klassebundet og følger en bestemt politisk linje. En kunst for kunstens skyld, en kunst som står over klassene, en kunst som utvikler seg hinsides politikken eller uavhengig av den, fins det i virkeligheten ikke. Den proletariske litteraturen og kunsten er en del av proletariatets hele revolusjonære sak, eller som Lenin sa, et lite hjul og en liten skrue i hele revolusjonsmaskineriet."

KF Mao har sjølvsagt rett og det er altfor mykje overflatisk fjas som ikkje står på folket og revolusjonen si side. Samvirkelaget gjer det. Her får vi både fengande rytmar og knakande gode tekstar. Musikken står godt på eigne bein og tekstane er samfunnsaktuelle og grip inn i tida si på ein glitrande måte. Samstundes er bodskapen tidlaus, noko dei understrekar gjennom element frå gamle dagars arbeidarsongar og andre historiske referansar. Både nasjonalt og internasjonalt.
Proletaren trillar ikkje terningar i utide, difor det vert tommelen opp for Samvirkelaget og "Musikk". Tekst og tone er gjennomført og desse flotte ungdommane syng ikkje berre på norsk men på dialekta si!
Skal vi kome med ynskje til neste plate må det vere at ungdommane i Samvirkelaget lyttar til ”På stengrunn” med dikt av vår kjære Rudolf Nilsen og les dikta hans. Rulle sine tekstar fortenar å kome ut til eit nytt publikum og er like aktuelle i dag som for nesten hundre år sidan.
Vi avsluttar med nokre fleire god-ord frå KF Mao henta frå "Enhetsfronten i kulturarbeidet" (30. oktober 1944).
"En armé uten kultur er en uvitende armé, og en uvitende armé er ikke i stand til å vinne seier over fienden."
Vi sluttar oss til KF Mao og samla musikarar "Bli med å syng det med Samvirkelaget"!
for tre slike lappar får du fin plate med mykje meining og innhald.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar