No skal eg bruka dei om noko anna.
Dei siste dagane har eg lytta til NRK sine radiosendingar på P1 på veg heim frå arbeid. I dag kom det dramatiske meldingar i aktualitetsmagasinet om stor uro på Børsen!
Store verdiar har i dag gått tapt på Oslo børs. Mange milliardar er i løpet av nokre morgontimar fordufta som dogg for sola. Alt som følgje av store vanskar i det amerikanske bustadmarknaden får vi vite. (Når vi skriv amerikanske meiner vi USA, sjølvsagt.)
Børsen, her ved framandgjorde folk frå The US of A
Arbeidsfolk der borte har vorte lurte og tvunge til å setje seg i umogleg gjeld for å halda seg med hus. Dei har lånt over pipa som radiodama så poetisk sa det. Og enno viktigare; bankane taper som ein følgje av dette! Arbeidsfolk har til alle tider tapt på å setje seg i botnlaus gjeld til eigarklassa, men no går det ut over bankane. Då skjelv verdsøkonomien i grunnvollane.
Som ein følgje av at den internasjonale monopolkapitalen er nett det (eit mangehoda dyr med ein vulgær og bulande kropp) og imperialismen i verda har sjokkbølgja slått innover børsane verda over etter kvart som dei opna i dag. I Asia gjekk dei ned, og sjølvsagt kom det til Europa og Noreg også i morgontimane.
Milliardar går tapt.
Arbeidsfolk her i landet møter altso meldinga om at store verdiar går tapt på Børsen i dag. Kanskje er alt arbeidet vårt i dag fånyttes? Slik må ein vel tolka det?
NRK har fått ein eller anna ny-japp av ein økonomianalytikar eller papirflyttar av anna slag frå Oslo på tråden. Jau, mange titalls milliardar, ein stad mellom 40 og 50 milliardar er gått tapt i morgontimane i dag. Dette har hendt før. Då sokk børsen med mykje meir. Kanskje kan det gå slik no også. Men dette er berre ein korreksjon i marknaden. Det vil stabilisera seg over tid. Småspararane kan berre ta det med ro.
Men reportaren dramatiserar godt korleis verdiane mest renn ut av Børsen. At dei ikkje stengjer døra. Og det er vel arbeidsfolk som skal uroa seg? Ikkje småspararar. Det er då trass alt det arbeidande folk som skapar desse verdiane som Børsgjengen leikar seg med? Sjølvsagt må vi uroa oss over at alt resultatet av dagens arbeid er borte. Må vi arbeida i morgon, gjere oppatt arbeidet frå i dag?
Det er då berre papirpengar, stadfestar økonomioppkomlingen kjekt i radioen. Dette veit vi. Arbeidsfolk veit det. Det skapast ikkje verdiar på Oslo børs, eller nokon andre børsar for den del. Kapitalismens Heilage Rom, Børsen, er eit hus for flytting av oppdikta verdiar som ikkje kan realiserast og som ikkje kan mette dei sveltande millionane i verda.
Papirpengar, her ved E. Grieg (som er i vinden elles også for tida) på ein blå og gamal ein
Dette veit vi! Det er arbeidet til vanlege folk landet over, verda over, som skapar verdiar. Det er arbeidskrafta til utbytta kvinner og menn som pløyer jorda, haustar korn, mel mjølet og bakar brøda. Same med fisken. Same med alt som er til nytte og framgang for verdas folk.
Dersom vi vakna opp ein dag til meldinga om at alle verdas Børsar ikkje lengre var til å finne att, der dei hadde stått var det no berre høge trær og grøne plenar, hadde det ikkje betydd noko! Ingen ting hadde det hatt å seie for produksjonen i verda.
Slik skulle vi gjort med døra på Børsen
Arbeidsfolka. Dei verkelege fysiske menneskja som du kan klemme på og rosa og anerkjenne som likeverdige flotte kameratar. Arbeidarane i heile verda hadde framleis fiska fisk og sådd og hausta korn. Det hadde vorte baka brød. Bussane hadde gått. Sola hadde kome fram, det hadde regna som tidlegare. Vinden bles og ingen ragnarok inntreff.
Verda hadde ikkje gått under. Ikkje gått i stå. Du hadde gått på arbeid. Der hadde du møtt arbeidskameratane dine. Arbeidet de la ned ville framleis skapt dei verkelege verdiane i samfunnet. Forskjellen hadde vore at det ikkje sat eit lass med unyttige børsspekulantar, papirflyttarar og aksjemeklarar som uroa seg over børsfall og milliardar som "forsvinn" på ryggen vår. Der dei sat dagen før og saug ut livskrafta og blodet vårt med løgnpropaganda om verdiar som skapast og går tapt på Børsen.
Dersom Kapitalismens Katedral hadde gått i grus hadde det vorte klårt som dagen for alle arbeidsfolk at løgna vi får servert i dag, på folkets eigen kanal (lisensfinansiert allmennkringkastar), er vås frå ende til annan. Det gjekk ikkje tapt verdiar på Børsen i dag! Ingen milliardar er borte. Arbeidet du la ned i dag har framleis sin verdi. Ingen skal fortelje deg noko anna!
Vi som arbeidar og vert utbytta i dagens samfunn skapar verdiane. Den innsatsen vi legg ned og det vi fysisk gjer med eigne hender aukar verdien i det vi arbeidar med. I dag vert det grovt utnytta av usympatiske, blodsugande igler som kjekkar seg i radioen med innholt økonomipreik. Verdiane skapast av oss og aldri på Børsen. Det har ikkje vore verdiar eller milliardar på Børsen og soleis kan dei heller ikkje forsvinne derifrå.
Då er det på tide å låna orda frå Bøljebandet. AT DERE TØR! Dei brukte orda i ein song med eit anna tema, men som høver like godt i dag som den gongen dei skreiv han. Men orda og teksten elles høver også godt på dagens aktuelle radiotema.

Slik, når vi stenger børsen.
At dere tør, sjå oss inn i augo og lyge om verdiane vi skaper. Stele dei og hevde dei kjem frå Børsen. Det er reinspikka løgnpropaganda og de står avkledde attende. Vi skaper verdiane. Vi eig verdiane. Det kollektive arbeidande folket. Ikkje ein handfull krypande, sleipe børsfolk. Vi avslører løgna og alle børstroll vil sprekke når arbeidarklassa tek opp kampen og lagar parkar og frie allbrukshus der børsane står i dag.
Ikkje tro på løgna Kameratar, stå med ryggen rak og ha tolmod. Dagen kjem!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar