kameratklokka
30.11.2007
27.07.2007
At dere TØR!
No skal eg bruka dei om noko anna.
Dei siste dagane har eg lytta til NRK sine radiosendingar på P1 på veg heim frå arbeid. I dag kom det dramatiske meldingar i aktualitetsmagasinet om stor uro på Børsen!
Store verdiar har i dag gått tapt på Oslo børs. Mange milliardar er i løpet av nokre morgontimar fordufta som dogg for sola. Alt som følgje av store vanskar i det amerikanske bustadmarknaden får vi vite. (Når vi skriv amerikanske meiner vi USA, sjølvsagt.)
Børsen, her ved framandgjorde folk frå The US of A
Arbeidsfolk der borte har vorte lurte og tvunge til å setje seg i umogleg gjeld for å halda seg med hus. Dei har lånt over pipa som radiodama så poetisk sa det. Og enno viktigare; bankane taper som ein følgje av dette! Arbeidsfolk har til alle tider tapt på å setje seg i botnlaus gjeld til eigarklassa, men no går det ut over bankane. Då skjelv verdsøkonomien i grunnvollane.
Som ein følgje av at den internasjonale monopolkapitalen er nett det (eit mangehoda dyr med ein vulgær og bulande kropp) og imperialismen i verda har sjokkbølgja slått innover børsane verda over etter kvart som dei opna i dag. I Asia gjekk dei ned, og sjølvsagt kom det til Europa og Noreg også i morgontimane.
Milliardar går tapt.
Arbeidsfolk her i landet møter altso meldinga om at store verdiar går tapt på Børsen i dag. Kanskje er alt arbeidet vårt i dag fånyttes? Slik må ein vel tolka det?
NRK har fått ein eller anna ny-japp av ein økonomianalytikar eller papirflyttar av anna slag frå Oslo på tråden. Jau, mange titalls milliardar, ein stad mellom 40 og 50 milliardar er gått tapt i morgontimane i dag. Dette har hendt før. Då sokk børsen med mykje meir. Kanskje kan det gå slik no også. Men dette er berre ein korreksjon i marknaden. Det vil stabilisera seg over tid. Småspararane kan berre ta det med ro.
Men reportaren dramatiserar godt korleis verdiane mest renn ut av Børsen. At dei ikkje stengjer døra. Og det er vel arbeidsfolk som skal uroa seg? Ikkje småspararar. Det er då trass alt det arbeidande folk som skapar desse verdiane som Børsgjengen leikar seg med? Sjølvsagt må vi uroa oss over at alt resultatet av dagens arbeid er borte. Må vi arbeida i morgon, gjere oppatt arbeidet frå i dag?
Det er då berre papirpengar, stadfestar økonomioppkomlingen kjekt i radioen. Dette veit vi. Arbeidsfolk veit det. Det skapast ikkje verdiar på Oslo børs, eller nokon andre børsar for den del. Kapitalismens Heilage Rom, Børsen, er eit hus for flytting av oppdikta verdiar som ikkje kan realiserast og som ikkje kan mette dei sveltande millionane i verda.
Papirpengar, her ved E. Grieg (som er i vinden elles også for tida) på ein blå og gamal ein
Dette veit vi! Det er arbeidet til vanlege folk landet over, verda over, som skapar verdiar. Det er arbeidskrafta til utbytta kvinner og menn som pløyer jorda, haustar korn, mel mjølet og bakar brøda. Same med fisken. Same med alt som er til nytte og framgang for verdas folk.
Dersom vi vakna opp ein dag til meldinga om at alle verdas Børsar ikkje lengre var til å finne att, der dei hadde stått var det no berre høge trær og grøne plenar, hadde det ikkje betydd noko! Ingen ting hadde det hatt å seie for produksjonen i verda.
Slik skulle vi gjort med døra på Børsen
Arbeidsfolka. Dei verkelege fysiske menneskja som du kan klemme på og rosa og anerkjenne som likeverdige flotte kameratar. Arbeidarane i heile verda hadde framleis fiska fisk og sådd og hausta korn. Det hadde vorte baka brød. Bussane hadde gått. Sola hadde kome fram, det hadde regna som tidlegare. Vinden bles og ingen ragnarok inntreff.
Verda hadde ikkje gått under. Ikkje gått i stå. Du hadde gått på arbeid. Der hadde du møtt arbeidskameratane dine. Arbeidet de la ned ville framleis skapt dei verkelege verdiane i samfunnet. Forskjellen hadde vore at det ikkje sat eit lass med unyttige børsspekulantar, papirflyttarar og aksjemeklarar som uroa seg over børsfall og milliardar som "forsvinn" på ryggen vår. Der dei sat dagen før og saug ut livskrafta og blodet vårt med løgnpropaganda om verdiar som skapast og går tapt på Børsen.
Dersom Kapitalismens Katedral hadde gått i grus hadde det vorte klårt som dagen for alle arbeidsfolk at løgna vi får servert i dag, på folkets eigen kanal (lisensfinansiert allmennkringkastar), er vås frå ende til annan. Det gjekk ikkje tapt verdiar på Børsen i dag! Ingen milliardar er borte. Arbeidet du la ned i dag har framleis sin verdi. Ingen skal fortelje deg noko anna!
Vi som arbeidar og vert utbytta i dagens samfunn skapar verdiane. Den innsatsen vi legg ned og det vi fysisk gjer med eigne hender aukar verdien i det vi arbeidar med. I dag vert det grovt utnytta av usympatiske, blodsugande igler som kjekkar seg i radioen med innholt økonomipreik. Verdiane skapast av oss og aldri på Børsen. Det har ikkje vore verdiar eller milliardar på Børsen og soleis kan dei heller ikkje forsvinne derifrå.
Då er det på tide å låna orda frå Bøljebandet. AT DERE TØR! Dei brukte orda i ein song med eit anna tema, men som høver like godt i dag som den gongen dei skreiv han. Men orda og teksten elles høver også godt på dagens aktuelle radiotema.

Slik, når vi stenger børsen.
At dere tør, sjå oss inn i augo og lyge om verdiane vi skaper. Stele dei og hevde dei kjem frå Børsen. Det er reinspikka løgnpropaganda og de står avkledde attende. Vi skaper verdiane. Vi eig verdiane. Det kollektive arbeidande folket. Ikkje ein handfull krypande, sleipe børsfolk. Vi avslører løgna og alle børstroll vil sprekke når arbeidarklassa tek opp kampen og lagar parkar og frie allbrukshus der børsane står i dag.
Ikkje tro på løgna Kameratar, stå med ryggen rak og ha tolmod. Dagen kjem!
13.07.2007
Revolusjon!
Leve Revolusjonen! Leve arbeidarklassa sin siger over kapitalismen, imperialismen. Leve alle som avslører dei som latar som dei er våre, men som leikar saman med høgresida og andre blå.
03.06.2007
Stakkars jævel!
Her forleden dag kom eg over den same historia i nettavisen. Kulissene og rollene er noko endra men historia er den same. Den polske jarnbanearbeidaren Jan Grzebski vart påkøyrd av toget og fall i koma i 1988. Legane hadde ikkje trua på at han ville vakne men kona ville ikkje gi opp. No har han vakna igjen, kan vi lesa i elektroniske aviser. Om det er tidleg sesong for agurkar i nettavisen (dei her eigentleg heilårssesong med genetisk modifiserte, men det er ei anna historie…) eller om vi her står ovanfor ein medisinsk sensasjon og eit under av ei anna verd (hurra for gamle kommunistregimer!) er vanskeleg å seie. Uansett er manar dette til ettertanke.
For eit mareritt det må ha vore å vakne opp i dagens Polen etter 19 år i koma. Ikkje berre er han 19 år eldre "over natta" men Polen har vorte underkasta den EUropeiske Unionen (snakkar om å bytte ut pest med kolera) og arbeidsløysa er skyhøg under eit sjukleg marknadsliberalistisk styre! Den tidlegare jarnbanearbeidaren er ikkje verre i topplokket etter 19 år i koma enn at han merkar seg trendar i samfunnet. Folk fyk berre kring og snakkar i mobiltelefon og klagar melder han på polsk fjernsyn i følgje nyhendeformidlaren nettavisen.
Vi tek historia for god fisk i sumarvarmen, utan å ta oss bryet med å sjekke ho nærare etter i saumane. Den som ynskjer fleire detaljar om korleis noko slikt kan gå føre
seg kan stikke nasen ut or stovedøra og leita fram ei filmsjappe som har "Good Bye Lenin!" frå 2003 som altså skildrar noko av det same. Så kan ein jo fundera over tilstandane både i Tyskland og i Polen og andre stadar kringom i verda.Har alt vorte so mykje betre under kapitalismens "triumf"? Fortenar ikkje verdas arbeidande folk noko betre når dei kastar eit regime som ikkje verkar? Er det ikkje meiningsløyst å bytte ut ein undertrykkar med ein anna? Dette og meir til studier, gjerne saman med andre. Proletaren oppmodar Folket til å oppsummera erfaringane og lærdommen frå studieringane og publisera dei elektronisk og dra på minst ein demonstrasjon eller aksjon i månaden. Dersom det ikkje er ein slik planlagt kan ein laga sjølv. Lukke til og kos dykk med film og artige historier frå elektroniske aviser.
26.05.2007
Futen - fantastiske strekar og fantastiske historier.

Vi snakkar sjølvsagt om seriealbum nr. 6 - Futen 1. Manusforfattar Øystein Runde og kunstnar Knut Solberg har skapt ei fantastisk verd bygd på gamle norske folkeeventyr, oppdatert til moderne tid. Hovudpersonen er, som den observante lyttar har fått med seg, Futen. Nærare bestemt Fut nummer seksten ved Christiania Futekontor. Ein annan sentral person er Futen sin sambuar, Huldra. Elles treff vi ein skattesnytande Dovregubbe som får sitt (eller, staten får sitt, Dovregubben får smerte!), Pesta og Draugen som får reiskapen sin forskriftsregulert med fast hand.
Futen er ein rett på sak type som ordnar opp i saker for staten til det beste for småfolka. Det er dei store som freistar å lure seg unna som får gjennomgå. Futen treff på mange forsøk på bortforklaringar. "Kvifor må vi betale skatt for tre hovud når vi berre har ein kropp?" - "Eg treng vel ikkje betale eigendomsskatt for brua mi når det kjem geiter og trampar på den heile tida?". Futen let ikkje nokon sleppe unna. Men han vert kalla inn på teppet til nummer to, etter å ha kravd inn tiande for hundreogsekstan år frå Dovregubben (med alle middel får ein seia).
Makta i hovudstadens futekontor held seg på sida til dei store, så vår helt må ut og krevje inn i gamlebyen. Her er det ikkje mykje å hente, men vi treff skapningar frå myter og eventyr frå heile verda og den gode moralen i soga held fram. Dei små må forsvarast og få sin sjanse her i livet. Det er diverre berre tre soger i dette heftet, men vonleg kjem det meir! Den siste soga finn stad på dei store hav og der får vi sjå at sjølv Futen kan trenge til hjelp frå tid til anna.Det er mykje god humor i både teikningar og tekst. At vår helt Futen er ein rotnorsk, blond kraftkar i tradisjonelle klede og med godt (ny)norsk talemål toppar det heile og gjer sitt til at heftet og universet til kunstnarane ligg heilt i toppen av moderne teikneseriekunst.
Den relativt ferske publikasjonen "m" har "Futen" med i bladet frå tid til anna og det varslar godt for at det kjem meir av denne utmerka kvaliteten. Dei som ikkje har lest heftet enno får hiva seg rundt. Det er gode historier med god moral og flotte teikningar. Dersom ein ikkje finn det til sals kan ein låna det her.
Musikk!
Kamerat Formann Moa har sagt mykje klokt. Vi tek med oss eit sitat frå ein tale på Jenan-konferansen om litteraturen og kunsten (mai 1942).
"I verden i dag er enhver kultur og følgelig også litteraturen og kunsten klassebundet og følger en bestemt politisk linje. En kunst for kunstens skyld, en kunst som står over klassene, en kunst som utvikler seg hinsides politikken eller uavhengig av den, fins det i virkeligheten ikke. Den proletariske litteraturen og kunsten er en del av proletariatets hele revolusjonære sak, eller som Lenin sa, et lite hjul og en liten skrue i hele revolusjonsmaskineriet."
KF Mao har sjølvsagt rett og det er altfor mykje overflatisk fjas som ikkje står på folket og revolusjonen si side. Samvirkelaget gjer det. Her får vi både fengande rytmar og knakande gode tekstar. Musikken står godt på eigne bein og tekstane er samfunnsaktuelle og grip inn i tida si på ein glitrande måte. Samstundes er bodskapen tidlaus, noko dei understrekar gjennom element frå gamle dagars arbeidarsongar og andre historiske referansar. Både nasjonalt og internasjonalt.
Proletaren trillar ikkje terningar i utide, difor det vert tommelen opp for Samvirkelaget og "Musikk". Tekst og tone er gjennomført og desse flotte ungdommane syng ikkje berre på norsk men på dialekta si!
Skal vi kome med ynskje til neste plate må det vere at ungdommane i Samvirkelaget lyttar til ”På stengrunn” med dikt av vår kjære Rudolf Nilsen og les dikta hans. Rulle sine tekstar fortenar å kome ut til eit nytt publikum og er like aktuelle i dag som for nesten hundre år sidan.
Vi avsluttar med nokre fleire god-ord frå KF Mao henta frå "Enhetsfronten i kulturarbeidet" (30. oktober 1944).
for tre slike lappar får du fin plate med mykje meining og innhald.24.05.2007
Om forbilder, saklegheit og vidsyn.
-formann Mao Tse-Tung
"Kinas kommunistiske partis plass i den nasjonale krig" (oktober 1938).
Den skøyaren Kamerat Formann Mao lot seg altså sitere på dansk dialekt frå indre Oslofjord. Han om det. Som eit godt forbilde har eg i saklegheit og vidsyn adoptert to kjekke digitale kameratar. Dei har no flytta inn nedst på denne sida (haha du må bla dit og kanskje lese på vegen). Dei er gode kadre og kjempar på sitt vis for Reovlusjonen og framtida. Dei kan forast og leikast med og er ganske søte. Kos gjerne med dei og vær snille med Kameratane dyra.